om Oss

Om Oss

Veterinærane i ÅLA

 

Det er no to veterinærar som deler på døgnvakt i distriktet Årdal Lærdal og Aurland. 

Ingrid og Tomas har jobba saman i to år og har eit godt samarbeid. 

Dei brukar mykje av tida på vakt til alvorleg sjuke dyr som må utredast og behandlast.  

Begge er optatt av å ha gode hjelpemiddel som ultralyd blodlab og røntgen. 



 

Veterinærane i vakta.

 

 

Ingrid Hval

Ingrid har jobba som veterinær i ÅLA i 14 år. Ho bur på Ødegård der veterinærane har kontor.

Ingrid er og utdanna fysioterapaut på hund og katt.

På fritda syslar ho med gardsarbeid eller tek familien og hunden med seg til fjells. 

                          Tomas Klak 

Tomas har jobba som veterinær i tre år. Han er utdanna i Polen ved Univeritetet i Wroclawiu. Han har spesialisert seg på produsksjonsdyr med særleg interesse for storfe.  Tomas likar godt tekniske hjelpemiddel som ultralyd, og brukar dette mykje på produksjonsdyr. Tomas likar også godt å jobba med hund og katt på klinikken og har to katter heime. 

På fritida er han ofte å sjå på offroad sykkel eller på tur med familien sin. 


      Erle Amalie Fuglesteg

Erle er ansatt hjå oss i 2022 som veterinær med midlertidig lisens.


Ho er på siste året sitt i veterinærstudiet på Ås. Erle har mykje erfaring med hund og fysioterapi på hund.


Ho har saman med familien sin over 30 trekkhundar! Ho køyrer og konkurrerar aktivt med desse.